Mange permitterte går tilbake til jobb i Agder
- Etter ein periode med litt høgare arbeidsløyse er andelen heilt ledige i Agder igjen under 2 prosent. I april var det flest menn under 30 år som kom seg i jobb, seier direktør i NAV Agder, Øyvind Vedal.
3 013 personar er no heilt ledige i Agder. Dette er ein nedgang på 239 sidan førre månad og 223 fleire enn for eitt år sidan.
Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Agder. I landet er 2 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige.
Blant arbeidssøkjarane i fylket er 403 permitterte. Dette er 193 færre enn i mars og 113 færre enn for eitt år sidan. Nesten ein tredel av dei som var permitterte i mars er no tilbake i jobb.
- Etterspurnaden etter arbeidskraft var høg i april, med over 3000 kunngjorde stillingar. Så langt i år er det kunngjort 13 prosent fleire stillingar enn på same tid i 2023. Dette betyr gode moglegheiter for å få seg jobb, seier Øyvind Vedal.
Siste månad har 127 ukrainarar registrerte seg som arbeidssøkjarar hos NAV i Agder. Talet på ukrainske arbeidssøkjarar er no oppe i 720 personar i Agder. Dette utgjer 13 prosent av alle arbeidssøkjarar. Av desse er 387 i arbeidsretta tiltak gjennom NAV og 62 er delvis i jobb. Resten av dei er heilt ledige.
Nye arbeidssøkjarar
Den siste månaden ha 1 017 personar registrerte seg som nye arbeidssøkjarar hos NAV. Næringane med flest arbeidsledige er varehandel (74), helse- og sosialtenester (59) og forretningsmessig tenesteyting (52).
Framleis høg etterspurnad
I april er det registrert 3 034 nye stillingar i Agder. Det er flest stillingar innan helse, pleie og omsorg
(617) og undervisning (390). Dette er 1 221 fleire stillingar enn same månad i fjor, men påsken var i april i 2023. Så langt i år er det kunngjort 10 792 stillingar i Agder, det er 1 275 fleire stillingar enn i fjor på same tid.
Forklaring av omgrep
- Heilt ledige er arbeidssøkjarar som verken jobbar eller deltek på arbeidsretta tiltak via NAV
- Delvis ledige jobbar noko, men vel å stå registrert som arbeidssøkjar, nokon jobbar litt, men får òg dagpengar frå NAV, nokon har deltidsjobb, men ønskjer seg ny jobb
- Arbeidssøkjarar på tiltak er arbeidssøkjarar som på noverande tidspunkt deltek på arbeidsmarknadstiltak i regi av NAV
- Permitterte arbeidssøkjarar inngår i gruppene heilt ledige og delvis ledige.